For ein dag! Me var førebudde på "Walk of Fame", stjernene i gata og hand- og fotavtrykka samt signaturen til div. små og store stjerner - men at Universal studios var so stort og i tillegg til eit gigantisk innspelingsområde for film - også består av ein fornøyelsespark som kan samanliknast med Disneyland - ja, det var ein stor overraskelse!
Me vart guida gjennom div. både innandørs- og utandørsscener og opplevde både bilstunt, jordskjelv og flaum. Me kjem nok til å kikka ekstra på filmkulissane neste gong me skal sjå film som er spelt inn i Hollywood. Alt går an på film!
I fornøyelsesparken fekk me m.a. boltra oss i fam. Simpson's i berg- og dalbane (eit kick av dei heilt store!), på turen gjennom dinosaurane sitt rike, Jurassic Park vart me kasta utfor ein 28 meter loddrett foss so tårene stod i augene på både store og små... Med andre ord eit eldorado for leikelystne i alle aldrar!!
Dagen vart avslutta med fellesmiddag på Hard Rock Cafe. Fantastisk! Veggene er pryda av gamle gitarar, bilete og diverse effektar av eit utall store stjerner som Pink Floyd, Janis Joplin, Led Zeppelin, Cohnny Cash, Paul Mc Cartney, Elvis og mange fleir. I taket heng ein ekte Cadillac med seter trekt i kuskinn..
No står Santa Monica Beach og Venice Beach for tur. Me skal laga opp til onsdag og starten på route 66!
tirsdag 15. juni 2010
mandag 14. juni 2010
Klokka er 04:00 mandag "morgon" og det er umogeleg å få sova...
Etter eit døgn på 33 timar er det vel ikkje rart at det går litt i surr dette med døgnrytmen... Los Angeles ligg 9 timar etter oss.
Me møtte store deler av reisefylgjet vårt på Gardermoen. Ein gjeng på bortimot 40 personar med stor breidde både i alder og type ser det ut for. Spennande! Sivert, 8 år er den yngste medan den eldste deltakaren har passert 70! Me blir ca. 20 syklar og 4 bilar.
Ok hotell. Me feira ankomsten med ei kald øl i hagen. Johan og Jan reiv i ein sigar for anledningen! Etter info.møte tørna me inn tidleg (lokal tid) i eit forsøk på å dempa jet-leg'en. So no sit me her - klokka er snart 04:00- på senga med ein kaffi og er eigentleg heilt klare for ein ny dag!
Hollywood og Universal studios kallar. Me gler oss!
Følg med!

fredag 11. juni 2010
"Det er den draumen..."
Route 66 frå Los Angeles til Chicago; ca. 4000 km, 8 statar og 3 tidssoner - på Harley Davidson...
Storby og ørken, Hollywood, Santa Monica Beach, Las Vegas, Hoover Dam, Grand Canyon, indianerlandsby, Mexico, Oklahoma, Cowboy Ranch m.m.
Cruse avgarde med "the Boss på øyra".... eller kanskje Lynyrd Skynyrd... Kan det bli betre??
I morgon er me i Oslo, på søndag i Los Angeles via Paris...
På onsdag tar me ut syklane og eventyret er i gang..!
Følg oss og "enjoy"!
....

Abonner på:
Innlegg (Atom)