tirsdag 15. juni 2010

14.06.10 Hollywood og Universal Studios

For  ein dag! Me var førebudde på "Walk of Fame", stjernene i gata og hand- og fotavtrykka samt signaturen til div. små og store stjerner - men at Universal studios var so stort og i tillegg til eit gigantisk innspelingsområde for film - også består av ein fornøyelsespark som kan samanliknast med Disneyland - ja, det var ein stor overraskelse!
Me vart guida gjennom div. både innandørs- og utandørsscener og opplevde både bilstunt, jordskjelv og flaum. Me kjem nok til å kikka ekstra på filmkulissane neste gong me skal sjå film som er spelt inn i Hollywood. Alt går an på film!
I fornøyelsesparken fekk me m.a. boltra oss i fam. Simpson's i berg- og dalbane (eit kick av dei heilt store!), på turen gjennom dinosaurane sitt rike, Jurassic Park vart me kasta utfor ein 28 meter loddrett foss so tårene stod i augene på både store og små... Med andre ord eit eldorado for leikelystne i alle aldrar!!
Dagen vart avslutta med fellesmiddag på Hard Rock Cafe. Fantastisk! Veggene er pryda av gamle gitarar, bilete og diverse effektar av eit utall store stjerner som Pink Floyd, Janis Joplin, Led Zeppelin, Cohnny Cash, Paul Mc Cartney, Elvis og mange fleir.  I taket heng ein ekte Cadillac med seter trekt i kuskinn..
No står Santa Monica Beach og Venice Beach for tur. Me skal laga opp til onsdag og starten på route 66!