torsdag 17. juni 2010

U to the S to the Effin A!

Okei! Her kjeme ein liten oppdatering frå meg (Sandra) om ka som EGENTLIG skjer i USA med familien Håland ;) (neida mamma, ska kje fortella om når du rota deg vekk aleina på sykkel i las vegas i gårkveld ;)
Været e flott, landet e flott, folkene e flotte, byane e heilt insane, og syklane.. Jah, e HEILT fantastiske. da e kjærleik på to hjul! som mammo sa, me selge bilen, båten, sykklane, huset og Sivert for å få råd t ein harley heima. Any takers? ;) 
Resten av bikers gjengen (og dei som kjøre bil) har ein gjennomsnittsalder på rundt 40-50 pluss. E faktisk ein på 70 her som kjøre sykkel aleina! Men dåke som veit kossen mc-miljøet e heima, dåke veit kossen folk da e snakk om ;) herlige, galne mc-menneske med bensin i blodet og ein farlig need for speed! Da e HØG god-stemning i gjengen!
Fyste dagen med kjøring hadde me i går. Trur folk va gira på komma igong ette et par daga i LA, for me sku stilla opp utanfor hotellet med all bagasjen kl halv 7, og når eg og systo kom dillane fem på halv 7, stod omtrent heile gjengen der, fullt påkledd i mc-utstyr, småtrippande og kikka rundt seg etter guiden og bussane som skulle ta oss med til Harley Davidson butikken. Dagen før hadde faktisk pappajan og pappa vore ein sniktur aleina til ein anna harleybutikk og handla vesta, hjelma og bukse, og når resten av gjengen såg detta blei da masse OOOOoooOOOO-ing og WOOOOOOOOoooW-ing og ein heil inspeksjon av utstyret og sværa diskusjon om kor god kvalitet og kor god pris osv. Men ein må jo veta, at å kjøra route 66 e jo alle bikers våte drøm. ;)
Når me kom til butikken kom alle seg ut av bussen i full fart, for her stod Harleyane lina opp på fortauet og blinka i sola. Alle var raskt borte for å inspisera kromen og ta på harley merket, og setta seg på setene for å kjenna feelingen av ein ekte harley. :D (veldig godkjent)
Me begynte turen rolig og forsiktig ut av LA, og fekk kjenna litt på musklane under oss på freewayen når me kom ut i ørkenen. Fantastisk følelse når me har ein lang strak vei forann oss, ørken og fjell i da fjerna på begge sie og da e berre oss, syklane og den glorious route 66.

Sjå for deg alle amerikanske filma du nåkengong har sett. Sånn e da her. Da e faktisk ikkje overdriving da dei vise på film! Alt e oversize her, maten, bygningane, bilane, folkene, alt!
No sitte me på et hotellrom i Las Vegas, snart på vei ut for å utforska byen. Kjeme meir oppdateringa seinare!
Kjøredag 1: Los Angeles - Las Vegas!
I dag har me tatt ut syklane... og Wow..! Kjære Harley og David, I love you for making these bikes!
Kjære Hardingbanken me treng meir pengar..! Audien er til salgs, båten er til salgs, huset er til salgs, Mustangen...vel, nei, ikkje til salgs..
Syklane er ein draum å kjøra! Alle kjører ut med kurs mot Las Vegas med eit stort smil rundt munnen! Me har kjørt ca. 40 mil i dag - det meste gjennom ørken, frå Mojaveørkenen til Nevadaørkenen.  I Death Valley var temperaturen oppe i over 40 garder.. Det går greit i vel 100 km/h, men me er raske til å hiva kleda når me stoppar. Me har korte stopp ca. kvar time. Lunch i Barstow og ein liten rundtur i Calico, ein gamal gruvelandsby som no er museum. Deretter LAS VEGAS! Byen er opprinneleg bygd for å beskytta reisande mellom Utah og Los Angeles mot indianarane. Det var skumring då me kom inn til Las Vegas og ikkje like lett å halda saman i kolonna... Me er 26 syklar og 4 bilar. Mor klarte difor å kjøra langt forbi hotellet og "got lost" i 'Vegas.. Men med grei vegbeskrivelse - me bur på det største og høgaste hotellet i Vegas.., gjekk det likvel greit å finna tilbake til flokken. Stupte i seng god og trøtt i kroppen. Torsdag har me heile dagen til eigen disposisjon i Vegas.. Casino??
15.06.10 Santa Monica Beach og Venice Beach
I dag har gutta vore på shopping og jentene på stranda. Johan og Jan tok like godt ein taxi rett til ein Harley Davidson butikk og kom tilbake med eit stort smil og ny MC-bekledning.
Sivert har bada og bada og bada heile vegen frå Santa Monica Beach til Venice Beach, ei strekkja på 4 km.
Strandpromenaden i Venice Beach er som henta frå 60-talets hippikultur. Her er det lengre mellom pubane enn mellom Marihuana-sjappene og den søtlige hasj- og marihuanadunsten ligg tidvis tung i lufta.
Me tar tidleg kveld og er no svært klare for å ta ut Harleyen i morgon og koma i gang! ;-))