mandag 14. juni 2010

Klokka er 04:00 mandag "morgon" og det er umogeleg å få sova...
Etter eit døgn på 33 timar er det vel ikkje rart at det går litt i surr dette med døgnrytmen... Los Angeles ligg 9 timar etter oss.
Me møtte store deler av reisefylgjet vårt på Gardermoen. Ein gjeng på bortimot 40 personar med stor breidde både i alder og type ser det ut for. Spennande! Sivert, 8 år er den yngste medan den eldste deltakaren har passert 70!  Me blir ca. 20 syklar og 4 bilar.
Ok hotell. Me feira ankomsten med ei kald øl i hagen. Johan og Jan reiv i ein sigar for anledningen! Etter info.møte tørna me inn tidleg (lokal tid) i eit forsøk på å dempa jet-leg'en. So no sit me her - klokka er snart 04:00-  på senga med ein kaffi og er eigentleg heilt klare for ein ny dag!
Hollywood og Universal studios kallar. Me gler oss!
Følg med!