lørdag 26. juni 2010

Kjøredag 4
Kl. 07:00 sharp set me kursen mot Madrid, ein liten koseleg landsby brukt under filminnspeling av Wild Hogs. Her har tida tilsynelatande stått stille sidan 60-talet - og likedan folka... ;-) Klokka var ikkje meir enn rundt 09:00 då me entra den lokale kafeen for ein kaffistopp. Då var allereie nokre av dei lokale gamle "hippiane" på plass for å innta sin morgonkaffi og slå av ein prat over dagens aviser.
Turen går vidare via Santa Fe til Santa Rosa og Kelling Ranch. Her tar Kurt og Karen imot oss på ranchen sin, ein fantastisk plass langt ute på prærien. Det er 2 miles til næraste nabo...
Kurt driv med kveg og opptrening av hestar og han gjev oss ei imponerande oppvising i korleis han styrer kveget ved hjelp av både hest og hund. Han er sjølvsagt også ein klyppar i lassokasting. Verre var det med oss andre....
Me fekk servert ein herremåltid av ein biff laga på utandørs gruve som hadde vore i gang sidan tidleg morgon. Mmmmm. Snakk om biff som smeltar på tunga..! Etter middag vart det nokre gode historiar rundt bålet. Nok ein fantastisk dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar