lørdag 26. juni 2010

Kjøredag 7.
I dag kjører me gjennom heile 3 statar; Oklahoma, Kansas og Missouri. Landskapet blir grønare og lufta blir stadig fuktigare. Me ser mais- og kornåkrar so langt auga kan sjå.. (Dog noko begrensa når me kjører..) På vestsida var husa stort sett bygd av brun murstein medan dei her i større grad er kvite, bygd av tre og med den karakteristiske amerikanske "porchen".
Me et heimalaga hamburgarar hos "4 women on the Route". Her finn me også den originale Cars-bilen frå filmen med same namn.
Me er innom "Bernies bar" ved Cartage/Avilla og spelar nokre gode gamle slagerar på jukeboksen. Det viser seg at det er bursdagsfeiring i baren i dag. Ein oppegåande kar feirar 93-års dagen sin her og me syng sjølvsagt happy birthday og "gid han lenge, leve må" til stor begeistring.
Overnattar på eit typisk Route 66 Motel i Springfield. Avsluttar dagen med ein dukkert i bassenget, pizza på bassengkanten, litt gitarspel, allsang ("Get your kicks on route 66" sjølvgsagt..!) og ein god vits (av Sivert..;-).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar