lørdag 26. juni 2010

Kjøredag 8.
I dag kjører me frå Springfiled (i Missouri) til Springfield (i Illinois).. I dag er vegen målet. Ein lang kjøredag på tot. ca 540 km, herav mesteparten på fine MC-vegar med lange slake svingar..! Dei siste ca. 20 mila tek me på highwayen for å koma fram til hotellet tidsnok til å ta ein dukkert..!
Fyrste stopp er ved Devils Elbov, ein bar smikkfull av bh-ar i taket.. Trur ikkje det blei fleire etter vårt besøk...
Me kryssar Mississippi River og stoppar ved Jesse James Museum. Me får eigen rundtur i grottene der han m.a. gøymde tjuvgodset sitt. Fantastiske kalksteinsgrotter med mange flotte formasjonar forma av mange års vassinntrenging og vassdrypping. Inntrykket blei diverre forringa av blinkande lys og ein skrekkeleg versjon av "'God bless America", men dog...
Me kjører gjennom St. Louis på veg mot eit nytt Best Western hotell, ei iskald øl frå vår medbrakte bar (hengaren) og ein dukkert før me stuper i seng. Me set klokka på 05:00, frukost kl. 06:00 og avreise kl. 07:00. Helge (guide) har gjort heile gjengen til morgonfuglar... (so lenge det varer..;-))
Kjøredag 7.
I dag kjører me gjennom heile 3 statar; Oklahoma, Kansas og Missouri. Landskapet blir grønare og lufta blir stadig fuktigare. Me ser mais- og kornåkrar so langt auga kan sjå.. (Dog noko begrensa når me kjører..) På vestsida var husa stort sett bygd av brun murstein medan dei her i større grad er kvite, bygd av tre og med den karakteristiske amerikanske "porchen".
Me et heimalaga hamburgarar hos "4 women on the Route". Her finn me også den originale Cars-bilen frå filmen med same namn.
Me er innom "Bernies bar" ved Cartage/Avilla og spelar nokre gode gamle slagerar på jukeboksen. Det viser seg at det er bursdagsfeiring i baren i dag. Ein oppegåande kar feirar 93-års dagen sin her og me syng sjølvsagt happy birthday og "gid han lenge, leve må" til stor begeistring.
Overnattar på eit typisk Route 66 Motel i Springfield. Avsluttar dagen med ein dukkert i bassenget, pizza på bassengkanten, litt gitarspel, allsang ("Get your kicks on route 66" sjølvgsagt..!) og ein god vits (av Sivert..;-).
Kjøredag 6.
Dagens høgdepunkt var besøket hos Annabel og Harley! Ekte hippiar som tek imot oss som gode gamle venner og diskar opp med både mat og drikke, sang og show.. (Sjå bildene av dei to galningane i raud- og kvitstripete selebukser..! Herlege folk!
Me var også innom verdas største Route 66 museum.
Temperaturen held seg mellom 30 og 40 grader C. Det gjeld å hiva MC-jakka og hjelmen so snart me stoppar ellers følest det som me kokar over.. Men me tilpassar oss og klagar slett ikkje! Hiv innpå salt sancks (salta og tørka biffkjøt fungerer godt) og drikk mange lite vatn pr. dag. Hengjaren på fylgjebilen er alltid lasta med kaldt vatn og cola. Uunnværleg!
Me overnattar i Stroud, Oklahoma.
Kjøredag 5
Me kryssar grensa frå New Mexico til Texas. Eit lite uhell gjev nokre av oss nokre timar på North West Hospital i Amarillo. Men snart er me "back on track".
Kristine og Sivert var bootsbutikk og handla boots og cowboyhatt til Sivert.
Kort stopp på Cadillac Ranch, verdas galaste bilkunstverk der cadillakar er gravd ned på høgkant i sanden.. Middag på Big Texan Steak House. Den som klarer å eta ein biff på 2,2 kilo på ein time får gratis middag og mykje merksemd.. Ein av deltakarane i reisefylgjet vårt gjorde eit hederleg forsøk utan å lukkast.. Nice try!
Kjøredag 4
Kl. 07:00 sharp set me kursen mot Madrid, ein liten koseleg landsby brukt under filminnspeling av Wild Hogs. Her har tida tilsynelatande stått stille sidan 60-talet - og likedan folka... ;-) Klokka var ikkje meir enn rundt 09:00 då me entra den lokale kafeen for ein kaffistopp. Då var allereie nokre av dei lokale gamle "hippiane" på plass for å innta sin morgonkaffi og slå av ein prat over dagens aviser.
Turen går vidare via Santa Fe til Santa Rosa og Kelling Ranch. Her tar Kurt og Karen imot oss på ranchen sin, ein fantastisk plass langt ute på prærien. Det er 2 miles til næraste nabo...
Kurt driv med kveg og opptrening av hestar og han gjev oss ei imponerande oppvising i korleis han styrer kveget ved hjelp av både hest og hund. Han er sjølvsagt også ein klyppar i lassokasting. Verre var det med oss andre....
Me fekk servert ein herremåltid av ein biff laga på utandørs gruve som hadde vore i gang sidan tidleg morgon. Mmmmm. Snakk om biff som smeltar på tunga..! Etter middag vart det nokre gode historiar rundt bålet. Nok ein fantastisk dag!

mandag 21. juni 2010

On the road again!

Opp opp opp til tidlig frokost som alltid. Kl stod på kl 6, og ettersom me har ankomme New Mexico så har me då skrudd klokka ein time fram (altså 7 tima forskjell frå Norge) = ein time mindre søvn. Meir trøtt i trynet enn vanleg tusla med ned til frokosten, mat må me ha før me legg ut på nye eventyr for dagen. Der var det lukten av nysteikte egg og bacon som venta oss. Turens beste frokost til no! Etter mat og ein kopp kaffi eller tre, kom me oss ut til syklane og kom oss avgårde. Eg (Sandra) er no blitt fast rypa hos pappajan, ettersom systo kjører ein heritage softtail med særs dårlig passasjerplass der eg sitte minst eit hove høgare enn systo og dermed får all vinden i trynet. Ikkje rart eg såg ut som ein puddel i motvind dei fyrste dagane. Mens pappajan kjører ein electra glide med ein heil sofa til passasjerplass. Valget var ikkje særlig vanskelig.
Med litt tut og kjør var me avgårde på veien, og etter halvannen time hadde me komme 1/3 av dagens etappe.

Stoppet denne dagen var i ein landsby der det budde indianarar, som budde og levde slik dei alltid hadde gjort, uten innlagt vatn og strøm. Her skulle me opp og få omvisning. Etter masse betaling og styr og fotopass (Her skulle dei melke turistane for alt dei var verdt, ikkje fekk me lov å ta bilder uten fotopass nei!) kom me oss ut til bussen som skulle ta oss med opp. I landsbyen venta det oss ein guide, som på indianerstammespråket hans hette Liten Sol Stort Gresskar. (mor hans var fra gresskar stamma og faren fra sol stamma) som skulle vise oss rundt. Mannen snakka masse og monotomt, som gjorde det vanskelig for mange av oss å følge med, spesielt dei som ikkje var heilt stødige i engelsk, og det blei ikkje lettare med hans gebrokne versjon av språket heller. Men han visa oss rundt i landsbyen, og tok oss med på gravplassen (der me ikkje hadde lov å ta bilde) og i kyrkja (der me heller ikkje hadde lov å ta bilde) Men guiden hadde mykje å fortelle om stammefamiliane sine, og deira tradisjonar, og for dei som klarte å følge med var det mykje fin informasjon å hente.
Turen vara i ca 40 minutt, nokon tok bussen ned igjen, andre gjekk ned.
Når eg va komt ned kom eg på at eg ikkje hadde tatt nokon bilde. So much for fotopasset ja.

Nede ved syklane igjen blei eg og pappajan utnevnt til kamerateam. Eg fekk eit kamera i neven, og pappajan skulle kjøre opp dei andre så alle fekk litt one on one filmetid på veien. Morro! blei litt homping og diverse, men det er ikkje alltid like lett å holde ting stødig på ein motorsykkel på ein dårlig vei!

Når me var ferdig med filminga skulle me kjøre vidare for å ta lunsj. Etter ein 5-10 min kjøring oppdagar me at me manglar ein sykkel og nokon bilar. Etter litt får me greie på at ein av syklistane (tannlegen) har mista nøklane til sykkelen, og uten den vil ikkje sykkelen starte! Litt om og men og styr reiser guidane for å ordne opp, og me blir sittande i veikanten å sparke i grusen i ein halv time i solsteika. VARMT!
Endelig kjem dei tilbake og me kjører avgårde til lunsjen. No er det 7 timar sidan frokost, og mange av oss begynner å kjenne på sulten. Då hjelp det at guiden Helge fortell oss at me no skal ete turens beste buffet! Me kjem inn, går gjennom eit kasino og kjem bak der og eit hav av all slags mulig mat møter oss. Til og med Vegetarianaren Kristine svømmer i allslags deilig mat ho kan ete. Definitivt turens beste buffet ja! :)

Etterpå bærer turen til hotellet i Albuquerque der me er for ein gongs skyld er tidlig framme! I 4 tida hiv me oss av syklane og spring bort til hengaren der me finn kvar vår øl for å kjøle oss ned. Neste på planen er å få av seg dei svette og støvete fillene og komme seg i badeklena og ut i bassenget! Herlig!

I morgon går turen til Madrid, Santa Fe og ein ranch. stay put!

søndag 20. juni 2010

The Grand Canyon

Tidlig opp, tidlig ut! I dag var dagen for Grand Canyon! Ojojoj me ante ikkje ka me hadde i vente.
Me satte oss på syklane og kjørte av gårde for å beskue den berykta canyonen. Mange av oss hadde bestilt helikopterturen på forhånd, og det var på flyplassen me fyst skulle til. Me kom inn, fekk veid oss (ja faktisk, for å sjekka vektbalanse i helikoptra så måtte dei det) og blei vidare sendt for å sjå ein sikkerhetsfilm på 6 minutt. ( der dei brukte minst 3 min på å reklamere for giftshoppen og alle dei fantastiske souvenirane du kunne få med deg) Her fekk me eit klistremerke for å vise at me hadde sett filmen og var klar for å komme oss opp i lufta. Så blei me vist vidare til eit venterom der me skulle bli ropt opp når helikopteret vårt var klart. Faktisk så var familien Håland fyst i køen og fekk fyrste turen! Mamma (heldiggrisen) fekk passasjersetet attmed piloten fremst i helikopteret. Me andre satt bak. Me fekk ein redningsvest stroppa rundt magen før me fekk ta plass i helikopteret. (nåke som er veldig merkelig, me fløy jo ikkje over vatn!) Piloten hette Jake og skulle ta oss med på vår 30 minutters tur over The Grand Canyon.

Me letta, fekk beskjed om at det var litt vind, så det kom til å bli litt turbulens, men inegnting å bekymtra seg for. Før me kom fram til canyonen så fløy me over ein skog, der me kunne sjå hjort og bjørn, men såg ingen av delane. Eg var opptatt med å kikka ned på bakken etter "brown bear" der eg plutselig oppdaga at bakken forsvinn under meg, og canyonen åpenbarar seg under oss. Eg og Kristine kikkar ned, bort på kvarandre og ned igjen, og hakene på begge to dett ned på brystet. Herremin, eg hadde INGEN aning om at da var så stort og omfangande! Gigantiske formasjonar og utrulige fjellknausar og dalar i canyonen. Heilt fantastisk utrulig. Eg knipsa bilder som ein gal, og prøvde iallfall å innkapsla ein brøkdel av da omfanget som var der, og kor utrulig fantastisk da var å oppleva. Ikkje minst fyrste turen med helikopter! Alle satt som forsteina å kikka ut vinduet dei 30 minuttane me var oppe i lufta. Det kjem bilder, berre vent!

Etter me landa gjekk me bort på Imax kinoen for å sjå film av canyonen, som var heilt fantastisk. Gigantisk lerret filma frå sikkert fly og helikopter, og du fekk følelsen av å fly mellom dalane der nede. Ein opplevelse for livet!

Etterpå kjørte me opp på eit utsiktspunkt der me tok masse bilde og lagde årets julekort.
Eg og Kristine satte oss med bassenget og slikka litt sol og tok eit par øl før middagen, tidlig kveld også denne kvelden. Metta etter ein dag med utrulige nye inntrykk!