lørdag 26. juni 2010

Kjøredag 8.
I dag kjører me frå Springfiled (i Missouri) til Springfield (i Illinois).. I dag er vegen målet. Ein lang kjøredag på tot. ca 540 km, herav mesteparten på fine MC-vegar med lange slake svingar..! Dei siste ca. 20 mila tek me på highwayen for å koma fram til hotellet tidsnok til å ta ein dukkert..!
Fyrste stopp er ved Devils Elbov, ein bar smikkfull av bh-ar i taket.. Trur ikkje det blei fleire etter vårt besøk...
Me kryssar Mississippi River og stoppar ved Jesse James Museum. Me får eigen rundtur i grottene der han m.a. gøymde tjuvgodset sitt. Fantastiske kalksteinsgrotter med mange flotte formasjonar forma av mange års vassinntrenging og vassdrypping. Inntrykket blei diverre forringa av blinkande lys og ein skrekkeleg versjon av "'God bless America", men dog...
Me kjører gjennom St. Louis på veg mot eit nytt Best Western hotell, ei iskald øl frå vår medbrakte bar (hengaren) og ein dukkert før me stuper i seng. Me set klokka på 05:00, frukost kl. 06:00 og avreise kl. 07:00. Helge (guide) har gjort heile gjengen til morgonfuglar... (so lenge det varer..;-))
Kjøredag 7.
I dag kjører me gjennom heile 3 statar; Oklahoma, Kansas og Missouri. Landskapet blir grønare og lufta blir stadig fuktigare. Me ser mais- og kornåkrar so langt auga kan sjå.. (Dog noko begrensa når me kjører..) På vestsida var husa stort sett bygd av brun murstein medan dei her i større grad er kvite, bygd av tre og med den karakteristiske amerikanske "porchen".
Me et heimalaga hamburgarar hos "4 women on the Route". Her finn me også den originale Cars-bilen frå filmen med same namn.
Me er innom "Bernies bar" ved Cartage/Avilla og spelar nokre gode gamle slagerar på jukeboksen. Det viser seg at det er bursdagsfeiring i baren i dag. Ein oppegåande kar feirar 93-års dagen sin her og me syng sjølvsagt happy birthday og "gid han lenge, leve må" til stor begeistring.
Overnattar på eit typisk Route 66 Motel i Springfield. Avsluttar dagen med ein dukkert i bassenget, pizza på bassengkanten, litt gitarspel, allsang ("Get your kicks on route 66" sjølvgsagt..!) og ein god vits (av Sivert..;-).
Kjøredag 6.
Dagens høgdepunkt var besøket hos Annabel og Harley! Ekte hippiar som tek imot oss som gode gamle venner og diskar opp med både mat og drikke, sang og show.. (Sjå bildene av dei to galningane i raud- og kvitstripete selebukser..! Herlege folk!
Me var også innom verdas største Route 66 museum.
Temperaturen held seg mellom 30 og 40 grader C. Det gjeld å hiva MC-jakka og hjelmen so snart me stoppar ellers følest det som me kokar over.. Men me tilpassar oss og klagar slett ikkje! Hiv innpå salt sancks (salta og tørka biffkjøt fungerer godt) og drikk mange lite vatn pr. dag. Hengjaren på fylgjebilen er alltid lasta med kaldt vatn og cola. Uunnværleg!
Me overnattar i Stroud, Oklahoma.
Kjøredag 5
Me kryssar grensa frå New Mexico til Texas. Eit lite uhell gjev nokre av oss nokre timar på North West Hospital i Amarillo. Men snart er me "back on track".
Kristine og Sivert var bootsbutikk og handla boots og cowboyhatt til Sivert.
Kort stopp på Cadillac Ranch, verdas galaste bilkunstverk der cadillakar er gravd ned på høgkant i sanden.. Middag på Big Texan Steak House. Den som klarer å eta ein biff på 2,2 kilo på ein time får gratis middag og mykje merksemd.. Ein av deltakarane i reisefylgjet vårt gjorde eit hederleg forsøk utan å lukkast.. Nice try!
Kjøredag 4
Kl. 07:00 sharp set me kursen mot Madrid, ein liten koseleg landsby brukt under filminnspeling av Wild Hogs. Her har tida tilsynelatande stått stille sidan 60-talet - og likedan folka... ;-) Klokka var ikkje meir enn rundt 09:00 då me entra den lokale kafeen for ein kaffistopp. Då var allereie nokre av dei lokale gamle "hippiane" på plass for å innta sin morgonkaffi og slå av ein prat over dagens aviser.
Turen går vidare via Santa Fe til Santa Rosa og Kelling Ranch. Her tar Kurt og Karen imot oss på ranchen sin, ein fantastisk plass langt ute på prærien. Det er 2 miles til næraste nabo...
Kurt driv med kveg og opptrening av hestar og han gjev oss ei imponerande oppvising i korleis han styrer kveget ved hjelp av både hest og hund. Han er sjølvsagt også ein klyppar i lassokasting. Verre var det med oss andre....
Me fekk servert ein herremåltid av ein biff laga på utandørs gruve som hadde vore i gang sidan tidleg morgon. Mmmmm. Snakk om biff som smeltar på tunga..! Etter middag vart det nokre gode historiar rundt bålet. Nok ein fantastisk dag!