torsdag 17. juni 2010

15.06.10 Santa Monica Beach og Venice Beach
I dag har gutta vore på shopping og jentene på stranda. Johan og Jan tok like godt ein taxi rett til ein Harley Davidson butikk og kom tilbake med eit stort smil og ny MC-bekledning.
Sivert har bada og bada og bada heile vegen frå Santa Monica Beach til Venice Beach, ei strekkja på 4 km.
Strandpromenaden i Venice Beach er som henta frå 60-talets hippikultur. Her er det lengre mellom pubane enn mellom Marihuana-sjappene og den søtlige hasj- og marihuanadunsten ligg tidvis tung i lufta.
Me tar tidleg kveld og er no svært klare for å ta ut Harleyen i morgon og koma i gang! ;-))

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar