torsdag 17. juni 2010

Kjøredag 1: Los Angeles - Las Vegas!
I dag har me tatt ut syklane... og Wow..! Kjære Harley og David, I love you for making these bikes!
Kjære Hardingbanken me treng meir pengar..! Audien er til salgs, båten er til salgs, huset er til salgs, Mustangen...vel, nei, ikkje til salgs..
Syklane er ein draum å kjøra! Alle kjører ut med kurs mot Las Vegas med eit stort smil rundt munnen! Me har kjørt ca. 40 mil i dag - det meste gjennom ørken, frå Mojaveørkenen til Nevadaørkenen.  I Death Valley var temperaturen oppe i over 40 garder.. Det går greit i vel 100 km/h, men me er raske til å hiva kleda når me stoppar. Me har korte stopp ca. kvar time. Lunch i Barstow og ein liten rundtur i Calico, ein gamal gruvelandsby som no er museum. Deretter LAS VEGAS! Byen er opprinneleg bygd for å beskytta reisande mellom Utah og Los Angeles mot indianarane. Det var skumring då me kom inn til Las Vegas og ikkje like lett å halda saman i kolonna... Me er 26 syklar og 4 bilar. Mor klarte difor å kjøra langt forbi hotellet og "got lost" i 'Vegas.. Men med grei vegbeskrivelse - me bur på det største og høgaste hotellet i Vegas.., gjekk det likvel greit å finna tilbake til flokken. Stupte i seng god og trøtt i kroppen. Torsdag har me heile dagen til eigen disposisjon i Vegas.. Casino??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar