søndag 20. juni 2010

The Grand Canyon

Tidlig opp, tidlig ut! I dag var dagen for Grand Canyon! Ojojoj me ante ikkje ka me hadde i vente.
Me satte oss på syklane og kjørte av gårde for å beskue den berykta canyonen. Mange av oss hadde bestilt helikopterturen på forhånd, og det var på flyplassen me fyst skulle til. Me kom inn, fekk veid oss (ja faktisk, for å sjekka vektbalanse i helikoptra så måtte dei det) og blei vidare sendt for å sjå ein sikkerhetsfilm på 6 minutt. ( der dei brukte minst 3 min på å reklamere for giftshoppen og alle dei fantastiske souvenirane du kunne få med deg) Her fekk me eit klistremerke for å vise at me hadde sett filmen og var klar for å komme oss opp i lufta. Så blei me vist vidare til eit venterom der me skulle bli ropt opp når helikopteret vårt var klart. Faktisk så var familien Håland fyst i køen og fekk fyrste turen! Mamma (heldiggrisen) fekk passasjersetet attmed piloten fremst i helikopteret. Me andre satt bak. Me fekk ein redningsvest stroppa rundt magen før me fekk ta plass i helikopteret. (nåke som er veldig merkelig, me fløy jo ikkje over vatn!) Piloten hette Jake og skulle ta oss med på vår 30 minutters tur over The Grand Canyon.

Me letta, fekk beskjed om at det var litt vind, så det kom til å bli litt turbulens, men inegnting å bekymtra seg for. Før me kom fram til canyonen så fløy me over ein skog, der me kunne sjå hjort og bjørn, men såg ingen av delane. Eg var opptatt med å kikka ned på bakken etter "brown bear" der eg plutselig oppdaga at bakken forsvinn under meg, og canyonen åpenbarar seg under oss. Eg og Kristine kikkar ned, bort på kvarandre og ned igjen, og hakene på begge to dett ned på brystet. Herremin, eg hadde INGEN aning om at da var så stort og omfangande! Gigantiske formasjonar og utrulige fjellknausar og dalar i canyonen. Heilt fantastisk utrulig. Eg knipsa bilder som ein gal, og prøvde iallfall å innkapsla ein brøkdel av da omfanget som var der, og kor utrulig fantastisk da var å oppleva. Ikkje minst fyrste turen med helikopter! Alle satt som forsteina å kikka ut vinduet dei 30 minuttane me var oppe i lufta. Det kjem bilder, berre vent!

Etter me landa gjekk me bort på Imax kinoen for å sjå film av canyonen, som var heilt fantastisk. Gigantisk lerret filma frå sikkert fly og helikopter, og du fekk følelsen av å fly mellom dalane der nede. Ein opplevelse for livet!

Etterpå kjørte me opp på eit utsiktspunkt der me tok masse bilde og lagde årets julekort.
Eg og Kristine satte oss med bassenget og slikka litt sol og tok eit par øl før middagen, tidlig kveld også denne kvelden. Metta etter ein dag med utrulige nye inntrykk!

Kjøredag!

Me forlata Las Vegas tidlig for å komme oss på veien igjen, dette gongen med sikte på byen Williams. Turen begynte varm og svett i ørkenen, og me hadde fyste stopp i byen Oatman. Det er ein liten gullgruve landsby der da vandra eslar rundt i gata! Her hadde me ein kjapp lunsj på ein kafe. Kafeeigaren blei forbanna på oss fordi halvparten gjekk uten å gje tips. Men ka kan me sei, me kjeme ikkje frå ein tipskultur! (Eg la forøvrig igjen ein dollar etter mannen blei sinna) :P Vidare blei da masse kjøring, masse flatt landskap og einsformig og tørt. Sist men ikkje minst kom me fram til Williams som var den byen me skulle bu i med Grand Canyon. Her hadde me middag på ein kafe med BBQ og live musikk. Skikkelig harry! Her var å beskua ordentlige cowboyar med hatt og bart på plass. Til og med sporene på støvlane var å sjå! Herlig :D

Las Vegas baby!

Me kom gjennom ørkenen etter lang, varm, svett og støvete tur gjennom Death Valley (som forøvrig var godt over 40 grader) plutselig i da fjerna ser me masse lys begynna å blinka i da fjerna der i horisonten og store bygnina kjeme til syne. Skiltene me no kjøre forbi kan fortella oss at me er velkommen til Nevada og til Las Vegas by. Der, midt i ørkenen stige da opp ein levande, blinkande og stor by ut av intet. Me kjøre inn, og da begynne å bli kveld, så lysshowet som kjene til syne e one of a kind! Me parkere med hotellet vårt etter mamma har hatt ein liten omtur rundt i byen. Hotellet Stratosphere er ca 350 meter høgt (me budde i 16. etg!) og ligger på sjølve stripa i byen, eller The Strip med gåavstand til alt!

Dagen etter ei god natts søvn hadde me "fri", altså ingen opplegg med guide før middagen på kvelden. Så me kikka gjennom brosjyrane og bestemte oss for ka me ville sjå rundtom i byen. Dagen begynte med frokost etter litt trasking. Etterpå annonseser pappa at han vil ha ein tattovering! Me bevega oss ut på gata igjen og fant ei tattooshappe der me gjekk inn. Pappa forteller tattovøren kva han vil ha og kor, og etter 5 minutt sitter pappa i stolen og blir barbert på underarmen for å få route 66 skiltet inngravert i huden for godt. pappajan slenger seg med, og tar den samme tattoveringa på skuldra. Fort gjort! Etterpå tuslar me litt rundt og ser på dei forskjellige delane av byen, mini Paris, Venezia, handlar litt souvenirar og småting.

Etterkvart tuslar me tilbake til hotellet (der da sjølvsagt er eit kasino midt i lobbyen) og gjer oss klar for kveldens middag på Harley Davidson resturanten. Fyrste som møter oss når me ankjem i taxien er ein gigantisk halv softtail (ein halv harley sykkel altså) på sikkeret 6-7 meter stor i høgda midt på veggen utenfor resturanten. Ganske imponerande at dei har fått den til å dingla der! middagen er ein suksess. Etter middag tuslar me bort for å sjå på kveldens vannshow. Der dei har forskjellige vannshow kvart kvarter med forskjellig musikk. Det er på ein måte fontenar med lys og dei styrar det opp og ned slik at det "dansar" med musikken. Utrulig stilig!
Etter dette blei det tidlig kveld på oss ettersom me skal tidlig opp dagen etter å komma oss vidare.